Svartkrutt mellom permar
Sist helg var Øyvind Flatnes på villmarksmessa i Lillestrøm og presenterte boka si «Vakre våpen svart krutt. Svartkruttvåpen i krig, jakt og konkurranse». Irene Jacobsen Hoel Ein månad etter den kom ut i handelen er tilbakemeldingane veldig gode. Boka hans har til og med vore hovudbok i Bokklubben Jakt og Fiske. |
750 kjøpte boka gjennom bokklubben. Han er ikkje heilt sikker på kor mykje ho har solgt den første månaden. - Godt å bli ferdig, eg har jo jobba med boka i fem år. Det blei ei fin bok han som har stått for layouten har gjort ein god jobb, synest forfattaren. Då Vestavind skreiv bokprosjektet og sølvmedalja frå NM i svartkruttvåpen sist haust, fortalte Flatnes at han nok kom til å bruka boka som oppslagsbok sjølv. - Ja, eg har gjort det alt. Faktisk fleire gonger i løpet |
av villmarksmessa fekk eg spørsmål som eg måtte slå opp i boka for å finna svaret på, ler han. Det er berre ein og ein halv månad til han fullfører mastergraden i historie. Tema er middelaldersk krigføring, og Flatnes avslører at han eit par gonger refererer til eiga fagbok. Interessa for gamle våpen har han hatt sidan han var liten. Og han er framleis med i svartkruttgruppa til Haugesund pistolklubb. Svartkruttet blei oppfunne av kinesarane for 1000 år sidan. Fram til 1880 var dette det einaste kruttet som var brukbart i skytevåpen. Kinesarane hadde først brukt |
det i fyrverkeri, men ein fann fort ut at det også kunne brukast i krigføring. Første gongen ein veit at svartkrutt blei brukt i krigføring, var då innbyggjarane i Sevillia brukte ei kannon lada med stein og fyrte laus mot inntrengarane. På sluten av 1880-talet blei svartkruttet erstatta av røyksvakt krutt, og etterkvart gjekk det heilt ut av bruk. - Røyksvakt krutt slammar ikkje til løpet. Det blir nesten ingen røyk og ingen flammar. Veldig kjedelig! sa Øyvind Flatnes til Vestavind i fjor haust. |